Eg hjelper deg å få ein
PRODUKTIV ARBEIDSDAG

Kjenner du på at tida ikkje heilt strekker til?
I arbeidslivet har me aldri hatt større krav til produktivitet enn i dag, samtidig som at oppgåvene me skal løyse blir stadig meir omfattande og komplekse. Dette, kombinert med ein travel ettermiddag med mykje aktivitet, gjer at mange av oss kjenner på tidsklemma og at me er fanga av det velkjente hamsterhjulet.
Digitalisering er nøkkelen til auka produktivitet, men kan også vere ei kilde til frustrasjon dersom den ikkje blir brukt riktig.
Eg har difor kombinert forskingsbasert kunnskap om produktivitet, sjølvledelse og planlegging med nokon av dei mest populære digitale verktøya i Microsoft Office 365.
Dette danner grunnlag for mine lærerike nettkurs, engasjerande workshopar og inspirerande foredrag om ulike aspekt ved produktivitet og digitalisering i offentlig sektor.
Ta gjerne kontakt om du ønsker meir informasjon om kva eg kan tilby deg eller din organisasjon.
Gratis guide til effektiv e-post handtering!
Begynn di produktivitetsreise med å laste ned denne gratis guiden. Den vil hjelpe deg med å få kontroll over innboksen din og spare deg for masse bortkasta tid.
Eg vil ha den gratis guiden!Den gode arbeidsdagen
Min visjon er at kvar enkelt tilsett i organisasjonen din skal kunne reise heim etter endt arbeidsdag og kjenne på mestring og kontroll over arbeidsoppgåvene sine.
Det fins utallige leiarutviklingskurs der ute, men eg brenner for at den enkelte saksbehandlar og tilsette skal oppleve meiningsfulle og produktive arbeidsdagar.
Kunnskap om produktivitet, prioritering og sjølvleiing er universelle ferdigheitar som ikkje berre er viktige for leiarar. Alle, uansett stilling, kan dra nytte av å mestre desse aspekta.

Føler du deg frustrert og overarbeida på jobb?
- Du har mykje å gjere, men du veit ikkje kvar du skal begynne
- Du har det travelt og jobbar hardt heile dagen, men kjenner likevel at du ikkje får ting gjort
- Du hoppar frå oppgåve til oppgåve og sliter med å få noko ferdigstilt
Då kan eg hjelpe deg!

Nettkurs
I medlemsportalen min vil du etter kvart finne korte produktivitetskurs innanfor ulike tema som e-posthandtering, eig din eigen kalender, prioritering og målsetting.
Kursa vil variere i omfang og pris, men målet mitt er at dei skal overkommelige å gjennomføre i ein travel kvardag.
Kom gjerne med innspel dersom det er eit konkret tema du ynskjer eg kurs om.
Ta kontakt for meir informasjon!
Workshop og forelesing
Eg elsker å treffe nye folk og kjem gjerne på besøk til din organisasjon for å inspirere og hjelpe dykk til å få ein meir produktiv arbeidsdag.
Me kan tilpasse innhaldet i dagen etter behovet og eg brukar ei kartlegging på førehand på å vere sikker på at de får den hjelpa de treng.
Ta kontakt for meir informasjon


1-til-1 rådgiving
Dersom det er spesielle ting du trenger hjelp til rundt produktivitet, planlegging, målsetting og prioritering så kan eg også tilby personleg rådgiving ut ifrå dine ønsker og behov.
Me startar med ein kartleggingssamtale for å få oversikt over kva utfordringane er, og kva du ynskjer å oppnå. Varigheit og omfang blir me einige om saman.
Ta kontakt for meir informasjonHyggelig å treffe deg!
Hei! Eg heiter Ingvild, og eg er opptatt av at du skal jobbe smart og effektiv for å få betre tid til det som virkelig er viktig for deg.
Tida vår er den mest dyrbare ressursen me har i livet, ein ressurs som ikkje kan fornyast og som me ikkje veit når tek slutt.
For meg handlar produktivitet om noko meir enn å fylle dagane med flest mogleg oppgåver. Det handlar om å jobbe smart. Det handlar om å ha solide rutiner, effektive system og veldefinerte planar på plass slik at me ikkje kastar vekk verdifull tid på ting som er unødvendig.
Det handlar også om å utnytte dei digitale verktøya me har tilgjengelege i arbeidsdagen vår på best mogleg måte.
Resultatet av dette? Ein arbeidsdag som gir deg opplevelsen av mestring, kontroll og trivsel. Og endå viktigare, du får frigjort tid til det som virkelig betyr noko for deg.
Så bli med meg på reisa til å oppnå ein meir produktiv, meiningsfull og balansert arbeidsdag. Sammen kan me lage ein kvardag der du henter det beste ut av tida di og der produktivitet blir nøkkelen til eit godt liv!
Meir om meg
