Litt om meg
Hei! Eg heiter Ingvild, og eg gleder meg til å hjelpe deg å leve eit meir produktivt liv med bedre tid til det som virkelig er viktig for deg.

Eg er utdanna Statsvitar med mastergrad frå Universitetet i Oslo og bachelorgrad frå London Metropolitan University i England. I tillegg har eg tatt fleire etterutdanningar i juridiske fag, prosjektledelse og miljøledelse. Eg var også ein del av det første kullet som gjennomførte Norges Handelshøyskole sitt program Brytningstid. Dette er eit studie på masternivå med fokus på omstilling og innovasjon på Vestlandet.
Mesteparten av mi yrkesaktive karriere har eg frå kommunal sektor, hovudsakleg som leiar. Eg brenn difor ekstra mykje for tilsette i offentleg sektor og kjenner godt til utfordringane som spesielt små kommunar står ovanfor.
I oktober 2023 gjekk eg over i ny stilling og jobbar no som rådgjevar for digitalisering og innovasjon i Region Nordhordland IKS. Der er oppgåvene mine å legge til rette for å utvikle og styrke det faglege samarbeidet innanfor teknisk sektor, som vil sei plan, byggesak og kart/oppmåling. Dette gjer me med utgangspunkt digitalisering, implementering av nye system og optimalisering av arbeidsmetodar.
Ein av erfaringane eg har gjort meg, er at mange arbeidstakarar manglar gode system og metodar for korleis dei legg opp arbeidsdagen sin og prioriterer oppgåver. Dei lar andre ta kontroll over kalenderen sin i staden for å gjere det sjølv, og dei kjenner at dei ikkje har tid til å sette seg inn i korleis nye system kan bli gode arbeidsverktøy.
Dette fører til at ein mister kontroll over arbeidsoppgåver og at ein kjenner seg overvelda, stressa og ute av kontroll. Jobben blir med heim og skapar uklare skiljer mellom arbeid og fritid, som igjen kan føre til meir stress.
Med bakgrunn i dette har eg difor starta ei rådgivingsbedrift som eg driv ved sida av jobben. Her ønsker eg å tilby tilsette, spesielt i offentleg sektor, råd og rettleiing om korleis dei kan jobbe litt smartare for å få meir ut av tida si.
Mi tilnærming har ikkje fokus på produktivitet for å produsere meir og ta på seg fleire oppgåver. Fokuset mitt er derimot at ved å jobbe litt smartare og meir målretta så frigjer du tid til å bruke på det som virkelig er viktig for deg unasett om det er på jobb eller i fritida. Eg er tilhengar av at systema me brukar i kvardagen skal jobbe for oss på best mogleg måte og gjere oss betre, og at struktur og prioriteringar i løpet av arbeidsveka hjelper oss til å få ting gjort og skape følelse av mestring, kontroll og trivsel.
Mine metodar
Få ein betre arbeidskvardag med enkle metodar
Mine metodar for å skape ein betre og meir produktiv arbeidsdag er basert på ein kombinasjon av forskning, eigne erfaringar og best mogleg bruk av dei digitale verktøya me nyttar oss av på jobb.

Minikurs
I medlemsportalen min vil du etter kvart finne korte produktivitetskurs innenfor ulike tema som e-posthandtering, eig din eigen kalender, prioritering og målsetting.

Workshop
Eg elsker å treffe nye folk og kjem gjerne på besøk til din organisasjon for å inspirere og hjelpe dykk til å få ein meir produktiv arbeidsdag. Me kan tilpasse innhaldet i dagen etter behovet.
