Høyres dette kjent ut? 

✅Du jobber heile dagen, men føler at du aldri kjem i mål.

✅ Du drømmer om meir tid sammen med familien, men jobben tar all energien din.

✅ Du kaster vekk tid på oppgåver som ikkje er viktige.

✅ Du har mista kontroll over kalenderen din, og bruker mesteparten av tida di på brannslukking.

✅ Du føler deg ustrukturert og ukonsentrert på jobb.

Kva om det ikkje treng å vere sånn? 

Tenk om du kan vakne om morgonen og ha full kontroll over arbeidsdagen din? Ingen stress, ingen panikk, berre ein enkel plan som viser deg kva som er viktigast akkurat no. Ein arbeidsdag som rommer både businessmåla dine og livet ditt. 

Korleis ville det føles? 

Effektiv arbeidsdag

- Metoden som gir deg tid, energi og kontroll i arbeidsdagen. 

  • Effektiv Arbeidsdag er eit 6-vekers program designa for å hjelpe deg ta tilbake kontrollen over arbeidskvardagen din, slik at du kan nå store mål utan å ofre tid med familien.

  • Gjennom enkle, forskingsbaserte metodar og verktøy, vil du lære korleis du kan jobbe strategisk med dei oppgåvene som betyr mest – utan å føle deg overvelda.

  • Kurset kombinerer praktiske verktøy, live workshopar og personleg oppfølging, slik at du får den støtta du treng for å lukkast.

  • Dette er ikkje berre teori, men eit konkret system du kan implementere med ein gong, tilpassa ein travel kvardag.

Du trenger ikkje velge mellom arbeid og fritid

Kjenner du deg overvelda på jobb, med ei oppgåveliste som aldri blir kortare, uansett kor hardt du jobbar? Kalenderen er full av møter og to-do-lister, og jobben følger deg heim etter arbeidstid. Tida strekker rett og slett ikkje til, og du ligger alltid bakpå.

Du syns det er vanskeleg å vere mentalt til stades med familien – og det kjennest som om du alltid må velje mellom å gjere det bra på jobb eller bruke tid med dei du er glad i.

Du er ikkje aleine om å føle det sånn -men du kan endre det! 

Du har makta til å ta tilbake kontrollen over arbeidsdagen din, og frigjere meir tid til det som gjer deg glad. 

Du kan lære å jobbe effektivt med dei riktige oppgåvene, slik at du når måla dine, samtidig som du har tid til familien. 

Du kan skape deg ein arbeidsdag der du kjenner på mestring, kontroll og arbeidsglede, og få akkurat den kvardagen som du drømte om. 

Ja, eg vil vere med!

Opplev kva som er mogleg på berre 6 veker

Dette kurset er bygd opp på ein måte som gjer at kvar modul bygger på den forrige. I staden for tilfeldige tips og råd får du ein gjennomtenkt metode som gir deg ein arbeidsstruktur som du kan ta med deg resten av livet. 

Kurset legg vekt på at det skal vere enkelt å ta i bruk den nye kunnskapen, og at metodane lett skal kunne bli ein del av di daglege arbeidsrutine. 

Dette vil du lære: 

Etter denne modulen vil du ha full klarheit på kva som er viktigast for deg i businessen og kvardagen din.
  • Du vil ha definert konkrete mål som faktisk betyr noko, og oppdaga ditt personlege «kvifor» – den indre motivasjonen som held deg gåande, sjølv på tøffe dagar.
  • I tillegg vil du ha etablert enkle morgon- og kveldsvanar som gir deg ein strukturert start og avslutning på dagen, slik at du får meir fokus og overskot.
Etter denne modulen vil du ha identifisert tidstyvane som stel fokuset ditt og lært korleis du eliminerer dei.
  • Du vil kunne planlegge dagane dine strategisk med verktøy som tidblokkering og batching, slik at du får meir gjort med mindre stress.
  • Du vil også ha ein klar vekesplan der dei viktigaste oppgåvene blir prioritert først, slik at du alltid veit kva du skal fokusere på.
Etter denne modulen vil du ha lært å prioritere oppgåvene dine på ein måte som faktisk flyttar deg nærmare måla dine.
  • Du vil kjenne deg trygg på at du jobbar med det som gir reelle resultat for både businessen og livet ditt.
  • Du vil oppleve meir kontroll over arbeidsdagen din og ha klare meiningar om kva som skal gjerast først.
  • I tillegg vil du kjenne på mindre stress og avslutte arbeidsdagen med ei kjensle av meistring, fordi du har fått gjort det som verkeleg betyr noko.
Etter denne modulen vil du ha utvikla strategiar for å eliminere  distraksjonar og jobbe meir fokusert.
  • Du vil oppleve ein arbeidskvardag med betre flyt, der du kan jobbe konsentrert utan å stadig bli avbrote.
  • Du får auka produktivitet, betre kvalitet på arbeidet du gjer, og kjensla av å vere meir til stades i det du driv med.
Etter denne modulen vil du forstå korleis du kan oppretthalde høg motivasjon over tid, sjølv når ting kjennest utfordrande.
  • Du vil ha konkrete verktøy for å balansere innsats med kvile, slik at du unngår utbrentheit og held energien oppe.
  • Du vil kjenne deg meir engasjert i arbeidet ditt og ha betre kapasitet til å vere til stades både i businessen og heime.
  • Du har etablert gode vaner og rutinar som passar deg og ditt liv, og som støtter deg både i businessen og i livet ellers.  
Etter denne modulen vil du ha ein langsiktig strategi for å oppretthalde framgangen du har skapt.
  • Du vil kunne justere planane dine over tid, evaluere kva som fungerer og halde fram med å jobbe smart og effektivt – også lenge etter at kurset er ferdig.
  • Du vil ha eit rammeverk for kontinuerleg vekst og ein plan som hjelper deg halde kursen mot dine store mål, utan å ofre tid med familien.

 

Ja, eg vil få ein Effektiv Arbeidsdag!

Praktisk informasjon om kurset

🔷 Tilgang til kursportal
Når du melder deg på kurset, får du tilgang til ein eigen kursportal.  Kvar veke vil nytt kursmateriell verte gjort tilgjengeleg i denne portalen. Her vil du finne ferdiginnspelte undervisningsvideoar, arbeidsbok og andre ressursar. Opptak frå fellesmøter vil også bli lagt inn her. 

BONUS: Deltakarar på denne kursrunden vil ha tilgang til kursportalen og nye oppdateringar i 3 år! (Vanlegvis 1 år).

🔷 Personleg oppfølging
Kvar veke gjennom kursperioden vil me ha felles livesendingar på Teams. Her kan du få svar på spørsmål om kursinnhaldet og få hjelp dersom du sitter fast. For nokre tema vil det også verte arrangert workshopar på Teams der me jobbar saman med oppgåvene frå kurset. 

🔷 Fleksibel læring
Du kan ta kurset når det passar deg, frå der du vil. All undervisning skjer på nett, og du kan gå tilbake til undervisningsmateriellet så mange gongar du vil. 

🔷 Risikofritt
Du har 14 dagar angrefrist frå kursstart, så du kan prøve kurset heilt risikofritt. Heile kjøpesummen blir refundert uten spørsmål dersom du ikkje er fornøgd etter 14 dagar. 

 

Ja, eg vil vere med!

Beste pris

3.750,-

  • BESTE PRIS! 
  • Tilgang til alt innhold og oppdateringar i 3 år
  • 1:1 kartleggingssamtale
  • Inkluderer bonuskurset "Frå tanke til handling" som hjelper deg med å få slutt på prokrastinering. 
Ja, takk!

Delbetaling 3 mnd

1.300,-

  • Per månad i 3 månadar
  • Tilgang til alt innhold og oppdateringar i 3 år
  • 1:1 kartleggingssamtale
  • Inkluderer bonuskurset "Frå tanke til handling" som hjelper deg med å få slutt på prokrastinering. 
Ja, takk!
Hei, eg heiter Ingvild, og eg veit akkurat korleis det kjennest å vere overvelda i ein travel kvardag.

For nokre år sidan sat eg i ein krevjande leiarstilling, med ei oppgåveliste som aldri tok slutt og ein kalender fylt til randen av møter og e-postar. Eg jobba til langt på kveld, prøvde å halde alle ballane i lufta – men likevel følte eg at eg aldri fekk gjort det som faktisk betydde noko.

Samtidig hadde eg tre små jenter heime som trengte meg. Eg ville vere til stades, men jobben følgde meg heim, og eg kjente stadig på den dårlege samvittigheita. Eg tenkte at løysinga var å jobbe hardare, bli endå meir effektiv – men det førte berre til meir stress, ikkje betre resultat.

Det var først då eg begynte å stille meg sjølv eit viktig spørsmål:
👉 Er det eigentleg dette som er produktivitet?

Eg bestemte meg for å finne ein ny måte å jobbe på. Eg dykka djupt inn i produktivitetsverktøy, bøker, podcastar og forsking – men ikkje alt fungerte. Mange system var laga for folk med heilt andre livssituasjonar.

Så eg begynte å utvikle mine eigne metodar. Metodar som passar for deg som både har ein travel jobb, men som  OGSÅ ønsker seg eit liv utanom jobben.

Eg lærte korleis eg kunne:

  • Prioritere det viktigaste utan å fylle dagane med unødvendige oppgåver.
  • Sette klare grenser, slik at jobben ikkje slukte all energien min.
  • Skape ein kvardag med tid til både vekst i businessen og ei fritid med familie og venner.

Og resultatet? Eg fekk tilbake kontrollen – ikkje berre over arbeidsdagen, men over heile livet mitt. Og det er akkurat dette eg vil hjelpe DEG med også.

Difor har eg skapt kurset Effektiv Gründerkvardag.
Eg veit kor krevjande det kan vere å drive business, og kor lett det er å føle at tida aldri strekk til. Men det finst ein annan måte.

I dette kurset lærer eg deg ikkje berre korleis du kan bli meir effektiv – men korleis du kan jobbe smartere, med ei metode som passar ditt liv og dine mål.

👉 Er du klar for å ta tilbake kontrollen over arbeidsdagen din?

Eg heiar på deg!

~Ingvild

Ja, eg vil vere med!