6 steg til ein stressfri ferie
Tenker du på jobb sjølv om det er ferie? Og sjekker e-posten i smug når ungane leikar?
Både kroppen og hovudet ditt trenger at du tar deg ein skikkeleg pause i sommar og berre ladar batteria. Du fortener å ha heilt fri, og du blir faktisk både meir produktiv og kreativ dersom du klarer å kople av i ferien.
Difor har eg laga eit gratis hefte til deg med praktiske tips og refleksjonsspørsmål som gjer at du får mest mogleg ut av ferien din og kan møte hausten med ny giv!

For deg som:
-ønsker å nyte ferien, men ender opp med å tenke på jobb og sjekke e-posten likevel
-alltid blir bekymra for at det var noko du gløymde å gjere på jobb før du tok ferie
-drøymer om å vere meir til stades med familien og venner når du endeleg har fri
-bruker å vere like sliten når ferien er over som du var då den starta.
Du fortener å kople av
Som travel småbarnsmor i krevande lederstilling veit eg masse om feriar som ikkje blei som eg hadde tenkt. Plutseleg dukka det opp noko på jobb som måtte avklarast sjølv om det var ferie. Eller eg brukte ferien til å få unna oppgåver som eg ikkje fekk tid til elles. Eg sjekka e-posten kvar dag for å halde meg oppdatert, og brukte tid på å finne løysingar på utfordringar me stod i på jobb.
Heldigvis lærte eg meg å ta kontroll over tida mi og sette grenser for meg sjølv og fritida mi. Eg blei også bevisst på kva som gir meg energi og påfyll, og kva som tappar meg.
No har eg samla nokre av erfaringane mine i dette heftet, sånn at du også kan få mest mogleg ut av ferien og starte hausten med ny energi!
- Ingvild-
Ja, takk! Send meg heftet.